Halsesamlinga

I gammelskulen (nabo til skulen i dag) kan du besøke Leif Halse-samlinga. Her er Leif Halse sine personlege eigendelar som diplom, priser, fela hans, vesten samt skrivemaskina stilt ut. Her får ein eit innblikk Halse sitt forfattarskap og kva han betydde for todalingane.

Utanfor fins eit tresnitt av Vangsgutane, som er laga av Nils Olav Talgøy spesielt til denne utstillinga. I tillegg er det reist eit monument i forbinding med 100 års-jubileet til Leif Halse i 1997. Det er ein statue av Vangsgutane med med eit relieff av Leif Halse nederts på sokkelen. Statuen vart laga av kunstnaren Annasif Døhlen. Leif Halse kalla og sønene sine for Steinar og Kåre, etter gutane i Vangsgutane. Men Steinar og Kåre i Vangsgutane er inga beskriving av Halses eigne søner. Vangsgutane er no endeleg foreviggjort i Todalen. Der står dei ved Gammel-skule og skuar over sit eige rike. Det er Todalen Historielag som hell denne samlinga vedlike. Vil du sjå utstillinga kan du ta kontakt på telefon 922 02 656 eller 970 81 093.

Vangsgutane på sokkel