Skihytta

Skihytta

Todalen I.L. si skihytte ligg på Øya/Ørsalfjellet ca. 4-5 km. frå bygda. Skihytta ligg i eit godt jaktterreng for småvilt. Skihytta vart bygd i 1952 som bustad for NVE-tilsette som bygde kraftlina over fjellet i starten av 1950-åra. Todalen I.L. overtok drifta av hytta i 1972, og fekk i 1996 hytta av Statnett. Skihytta er i dag fullstendig renovert og ombygd, og står i dag fram som ei godt utstyrt og fin hytte med høg standard. Og mot et lite gebyr er det mogleg å leie hytta til privat bruk. Ellers blir det årleg arrangert skiturar med premiar og ære i vente. Den mest kjende er Kjærring-diltn, som tek stades langfredag, kvart år. Skihytta1

Faktiske opplysningar om skihytta:

  • Solcellepanel med inne i hytta
  • 2 stuer (1 stor og 1 litt mindre) med komfortable sittemøblar
  • 1 stort kjøkken med 3 platers gasskomfyr og andre anna naudsynt utstyr.
  • 4 soverom med frå 2 – 6 sengeplassar.
  • Innandørs utedo.
  • Stor veranda under tak.

Eit fint utgangspunkt for mange fine turar i fin natur.

For ytterlegare informasjon, ta kontakt med:

Kontaktperson: Arnt Ivar Brøndbo, telefon; 922 48 214