Svinviks arboret

Svinvik

 

Svinviks arboret er ein unik botanisk hage ved Todalsfjorden. Hagen vart i si

tid bygd opp av privatpersonane Halvor og Anne Svinvik, og er no eigd

av Surnadal Kommune medan Nordmøre Museum er ansvarleg for drifta.

 

 

 

I anlegget finst det om lag 350 ulike rododendron og 250 ulike bartreslag planta

i bergskråningane ned mot fjorden. Her mellom dei bratte fjella og fjorden

finst også mange uvanlege og vakre lauvtre, buskar, frukthage og

tradisjonelle staudar. Svinviks arboret er aller mest kjent for den overdådige rododendronblomstringa om våren, ei eksotisk oppleving mellom snødekte

fjelltoppar.

Arboret

Svinviks arboret er ope for publikum i sommarsesongen, frå midten av mai til midte av

august. Her finn du også kafè med lokale spesialitetar og blomsterpynta heimebakst. 

bestilling tilbys omvising til større og mindre grupper.

 

Kontaktinformasjon Svinviks arboret:

Tlf: 91 39 94 52 (heile året)

Tlf: 71 66 35 80 (i arboretets opningstid)

E-post: maja@nordmore.museum.no        

svinviks.arboret@nordmore.museum.no

Følg Svinviks Arboret på facebook: www.facebook.com/svinviksarboret

 

Les meir om Svinviks Arboret på Nordmøre Museum sine heimesider: www.nordmore.museum.no

IMG_3291

rododendronIMG_3434