Camping

Ved idrettsplassen i bygda, Bordholmen, er det tilrettelagt for campingturistar. I klubbhuset er det toalett, dusj, frysemulegheiter og strømuttak. Tømmestasjon for bobilar er det å finne ved butikken ICA Nær, 750 m unna. Badestranda ved båthamna er badeplassen i bygda, og her er det utsikt utover Todalsfjorden og innover fjella i Trollheimen. Frå Bordholmen er det 850 m å gå til badestranda.

Kontaktperson, leiar i Todalen Idrettslag, Nils Ove Bruset, telefon; 97081093