Todalen Kyrkje

Kyrkja

I fleire hundre år måtte todalingane ut og ro til Stangvika for å besøkje kyrkja kvar søndag. Frå 1861 fikk derimot todalingane sitt eige kapell. I 1880-åra blei ”skortkjerkjå” påbygd, slik at ho fekk det utseandet ho har i dag. Våren 2002 måla bygdafolket kyrkja utvendig på dugnad.

I 1876 vart Todalen eige sokn, og sist i 1880-åra vart kyrkja utvida og sett i stand med tårnfot og nytt tårn, kor, sakristi (skriftehus) og galleri. Stangvik-kunstnaren Dorothea Follestad måla altartavle i 1890 – same året som den «nye» kyrkja vart vigsla. Første orgelet var eit harmonium frå ein privat gjevar (Rannei-orgelet). Dette vart flytta til Åsskard kyrkje i 1932, då Todalen kyrkje fekk sitt første pipeorgel – også som privat gåve.

I 1995 vart Thorkildsen-orgelet frå 1932 ombygd og utvida til eit moderne orgel med 1800-talet sin orgeltype som stilmessig ideal. Kyrkja har også piano. I samband med restaureringsarbeidet i 1932 måla Eyolf Nagell Erichsen ny altartavle. Både Follestad-tavla frå 1890 og det opphavlege altar-korset finst framleis i Todalen kyrkje. I 2004 fekk kyrkja lysglobe. Same år vart plassen under galleriet omgjort til «kyrkjestove» med m.a. flyttbare bord og stolar.
(Kjelde: Kyrkja i Stangvik og Surnadal)

Kyrkja 1 Kyrkja 2