Trollheimstunnelen

Det ferjefrie sambandet som er under planlegging mellom kommunane Sunndal og Surnadal blir det kortaste ferjefrie sambandet mellom Nordmøre og Trøndelag, og vil binde desse landsdelane betre saman. Kjøretida blir korta ned med om lag 25 min samanlikna med i dag. Den planlagde vegtraseen går frå Rv. 70 ved Børset på Ålvundeid i Sunndal kommune og til Rv 671 i Todalen i Surnadal kommune via ein 9,15 km lang tunnel. Avstanden mellom kommunesentra Sunndalsøra og Skei blir om lag 46 km. Den nye vegen avløyser ferjesambandet Kvanne – Rykkjem. Kostnadsramma er per i dag berekna til 620 millionar kroner. Vegen skal delvis finansierast med bompengar. Prosjektet skal i følgje Nasjonal Transportplan realiserast i perioden 2015-2020.

I 2007 vart prosjektet omdøypt frå Todalsfjordprosjektet til Trollheimstunnelen. Det nye namnet kom fram gjennom ein namnekonkurranse, forslaget kom frå Sissel Redalen frå Todalen. Det var ikkje endeleg avgjort at namneendringa skulle gjennomførast før konkurransen var avslutta, men prosjektet sitt styre var nøgde med forslaga og valde å døype om tunnelen. Eit viktig mål er at namnet skal appellere til ei breiare målgruppe enn prosjektet har gjort til no, særlig med omsyn til geografi. Trollheimstunnelen er eit prosjekt for heile regionen.

Kilde: http://www.trollheimstunnelen.no/