Vangsgutane

Vangsgutane

Vangsgutane har vore folkelesnad for dei yngre her i landet heil sidan den vesle boka «Flagg over Vangen» kom ut i 1945. Opphavet til Vangsgutane er i Todalen, og dei er oppdikta av den nokså kjente todalingen Leif Halse, som og har skrive mykje anna. Vangsgutane handlar om brørne Steinar og Kåre, og om ugagnskråka Larris, som bor i Todalen.

Heimen heiter Vangen.På Vangen

Oppunder bratte lia ligg det ein liten gard som Vangen. Mannen som har bygt her, heiter Hans. Han arbeider hardt med å livberge seg og sine. Kona hans heiter Sigrid. Ho er like arbeidsam som han . Ho steller i fjøs og stue, ho lagar mat og held i stand kleda til mannen og dei to smågutane sine. Dei heiter Steinar og Kåre. Steinar er eldst.

Steinar, Kåre og Larris

Larris er seriens ugangskråke. No bykser Kåre i full fart på Larris og greier å trive tak i stauren , så Larris ikkje får høve til å slå bror hans forderva. Katten Mons som har følgt med , er også godt opplagt til å kaste seg inn i striden. Han bykser bein på den framande guten og riv av han lua. Guten har kome seg opp på Seinar og driv og dalgar til han med knyttneven.

Vangsgutane har kome på sokkel i heimbygda.

I gammelskulen (nabo til skulen idag) kan du besøke Leif Halse-samlinga. Her er Leif Halse sine personlege eigendelar som diplomer, priser, fela hans, vesten samt skrivemaskina stilt ut. Her får ein eit innblikk Halse sitt fofattarskap og kva han betydde for todalingane. Utanfor fins eit tresnitt av Vangsgutane, som er laga av Nils Olav Talgøy spesielt til denne utstillinga.

I tillegg er det reist eit monument i forbinding med 100 års-jubileet til Leif Halse i 1997. Det er ein statue av Vangsgutane med med eit relieff av Leif Halse nederts på sokkelen. Statuen vart laga av kunstnaren Annasif Døhlen. Leif Halse kalla og sønene sine for Steinar og Kåre, etter guttene i Vangsgutane. Men Steinar og Kåre i Vangsgutane er inga beskriving av Halses eigne søner. Vangsgutane er no endeleg foreviggjort i Todalen. Der står dei ved Gammel-skule og skuar over sit eige rike.

Bilder og deler av tekst er teke frå Vangsgutane, Bd.1 utgitt av Fonna forlag etter avtale med forlaget.